Kva slags distriktspolitisk rolle kan og bør sparebankane ha?
Distriktspolitikk er atter i vinden; dei politiske partia finpussar distriktspolitikken sin før stortingsvalet - dels for å konkurrera med Senterpartiet, dels fordi sentralisering, urbanisering og fråflytting frå Distrikts-Noreg er eit tema fleire enn før er opptekne av og har meiningar om. Samstundes er ikkje minst norske sparebankar ei distriktsnæring: fysisk til stades i heile landet og ein del av kvardag og arbeidsdag i alle landets kommunar.
Spørsmålet er korleis sparebankane kan medverka til ein meir kraftfull distriktspolitikk. Kva slags ansvar har sparebankane for å sikra busetjing i heile landet? Korleis kan sparebankane bidra til nye arbeidsplassar, inntektsstraumar og skatteinntekter i Distrikts-Noreg? Kva slags distriktspolitisk rolle har sparebankane spelt før i tida? Kva forventar politikarane av sparebankane? Og kva slags rammevilkår treng sparebankane for å styrkja norsk distriktspolitikk?
Dette - i eit nøtteskal - er tema for SpareBank1 sin tidsrette distriktspolitikk; eit møte mellom finans og politikk og historie.
Medvirkende: 
- Sigbjørn Gjelsvik, Finanspolitisk talsperson, Senterpartiet
 - Geir Straume Olsen, Statssekretær, Finansdepartementet
 - Liv B. Ulriksen, Konsernsjef, SpareBank 1 Nord-Norge
 - Håvard Teigen, Professor emeritus og forfatter
 - Turid Grotmoll, Konsernsjef, Fremtind Forsikring
 - Ida Håvik, Kommunikasjonsdirektør, SpareBank 1